Smart bruk av LMS inkluderer strukturering av læringsprosessar. Eg føretrekk å leggja element som videoar frå youtube, NRK skole, vimeo inn i LMS slik at andre forstyrrande element ikkje tek fokus.
I tillegg er det smart å henta inn ressursar frå NDLA og andre potensielt lærerike nettsider i LMS.
Ein kan leggje til verktøyet “Eksternt søk” i romma i fronter.
Dette verktøyet søkjer i NDLA, NRK Skole, Lokus, Intute, Bibsys og Encyclopedia Britannica om du vel det.
Når du søker i dette verktøyet kan du leggje inn lenker i rommet ditt i fronter på ein enkel og rask måte ved å klikka “kopier lenke” bak søkeresultata.
Leggje inn læringsressursen i eit rom?
Klikk “Kopier lenke” bak læringsressursen du vil bruka. Deretter vel du kvar du vil lagra lenke.
Dette kan forenkla planlegginga og bruken av fronter for å strukturera læringa.
Og då blir det sjåande ut slik som dette i rommet/mappa:
Leggje til funksjonen “Eksternt søk” i fronter:
Klikk på rom
- oppe til høgre - vel endre verktøylisten
- nytt verktøy
- merk av for “Eksternt søk”
- Klikk lagre
Nyttig?
Sparar litt tid?
Korleis organiserer og strukturerer du?